Kraftleveringsavtale for 2023

Alle gjeldande fastprisavtalar for 2022 vil verte endra 31.12.22 og gå over til kraftpris utan binding (alt 2 under), slik det vart informert om ved inngåing av avtalen.

Aurland Kommune har no vedteke pris og vilkår for nye fastprisavtalar for 2023. Dersom de ønskjer å ta del i den nye fastprisavtalen for 2023 må denne bestillast innan 15.01.23.

Alle husstandar, hytteeigarar og næringslivet i Aurland kommune vil via konsesjonskraft-avtala med Aurland kommune få tilbod om gunstige kraftprisar for 2023:

Alternativ 1:
Kraftpris med binding ut 2023 til 32 øre + 8 øre = 40 øre/kWt inkl. mva

-kan berre bestillast før 15.01.2023. Dersom vi ikkje får inn bestilling innan denne dato, vil alternativ 2 gjelde for heile året.

Alternativ 2:
Kraftpris utan binding ut 2023 til 36 øre + 9 øre = 45 øre/kWt inkl. mva 

-kan bestillast heile 2023.)

For både alternativ 1 og 2 har kommunestyret i Aurland kommune vedteke, at alle husstandar skal ha eit tilleggsbeløp på kraftprisen som tilsvarar den til ein kvar tid gjeldande statlege straumkompensasjon.

Me tek atterhald om regulering av kraftprisen dersom offentlege avgifter eller konsesjonskraftprisen vert vesentleg endra. Som nemnt over har Aurland kommune vedteke at; for alle husstandar vert det eit tilleggsbeløp på kraftprisen som tilsvarar den til ein kvar tid gjeldande statlege straumkompensasjon. Dette vert gjort ved at gjeldande straumstøtte frå Staten for kvar månad, vert lagt til som ei eige linja på faktura frå kraftleverandør, men tilsvarande beløp vert trekt frå på faktura frå netteigar. Aurland Energiverk AS vil etter kvart få dette inn på same faktura, slik at kundane berre får ei faktura på både straum og nettleige.

Avtalevilkår for Aurland Energiverk AS, standard kraftleveringsavtale, angreskjema, og skjema for opplysning om angrerett finn du under Kraftavtalar.

 

Hugs å bestille kraftavtale innan 15.januar 2023

Hugs å bestille kraftavtale innan 15.januar 2023

 
 

Eksisterande kundar:

Gå på min side, da kjem du inn på sida du ser under. Dersom du har vore her tidlegare logger du inn med brukernavn, og passord.Dersom du ikkje har vore på min side tidlegare må du registrere ny bruker. Trykk på registrer ny bruker. Bildet ser slik ut:

Mi Side innlogging
 

Når du trykker registrer bruker, kjem du til denne sida:

 

NB! Kundenummer og pin finner du oppe til høgre på ein faktura frå Aurland Energiverk AS.

Det er viktig at alle kundar oppdaterer kontaktopplysningar med telefonnummer og mailadresse på Min side. Gå på Min side-> Min profil og oppdater.

 

Nye kundar:

Gå til kraftavtalar og trykk på boksen for ynskja produkt. Vel boksen for Ny kunde. Viktig at alle opplysningar blir fylt inn. Trykk send.

 

Dersom du har spørsmål kontakt Aurland Energiverk AS på epost post@aev.no eller tlf 57 63 20 90, tysdag-onsdag-torsdag mellom kl 10-14.

Me ynskjer eksisterande og nye kundar ei riktig god jul!

Mvh

Aurland Energiverk AS

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Faktura frå Aurland Energiverk januar 2023

Neste
Neste

Separat faktura på kraft og nett