Om Aurland Energiverk
Aurland Energiverk AS er kraftomsetjar og produsent i Aurland kommune.
Historia til Aurland Energiverk AS går tilbake til då Aurland Kommunale Kraftlag vart skipa i 1972, etter eit oppkjøp av Leinafalli L/L som hadde stått for hovudtyngda av straumforsyninga i Aurland kommune.
Leinafalli med Leinafossen kraftverk er framleis ein viktig del av Aurland Energiverk AS.
Aurland Kommunale Kraftlag gjekk inn i Voss og Omland Energiverk AS 1.1.1992. Tre år seinare valde Aurland kommune å gå ut av denne samanslutninga, og alle eignelutar som Aurland kommune hadde sett inn i Voss og Omland Energiverk AS vart overført til Aurland Energiverk AS.
Aurland Energi Nett AS fusjonerte med det regionale nettselskapet Sygnir 01.12.2021. Kraftomsetjing vart fusjonert inn i SEV AS 01.01.2025.