Kraftomsetjing
Aurland Energiverk AS fusjonerte kraftomsetjinga inn i SEV AS 01.01.2025.
SEV AS er 50/50 eigd av Aurland Energiverk AS og Lærdal Energi AS.
SEV AS har avtale med Aurland Kommune om å formidle sal av all konsesjonskraft som Aurland Kommune har rett til å ta ut frå dei store kraftutbyggingane som har vore i kommunen
Aurland Kommune er samla tildelt omlag 225 GWh i konsesjonskraft, ein kan likevel ikkje ta ut meir enn det som går med til alminneleg forsyning i Aurland, omlag 130 GWh.
SEV AS sel kun kraft til kundar i Aurland og det overskytande vert omsett til ei kvar tid gjeldande spotpris.
Konsesjonskraft
Aurland kommune har rett til å ta ut konsesjonskraft som kompensasjon for kraftutbygginga. Denne krafta sel Aurland kommune til SEV AS for vidare sal til kundar i Aurland.
Rimeleg kraftpris
Aurland kommune og Aurland Energiverk AS har som mål å gje kundane i Aurland ein så rimeleg kraftpris som mogeleg, samstundes som Aurland kommune skal vere sikra ei lita forteneste på konsesjonskrafta.