Leinafossen kraftverk

Aurland Energiverk AS er eigar av Leinafossen kraftverk i Flåm. Kraftverket vart modernisert i 1994 i samarbeid med Oslo Lysverker og har sidan vore leigd ut til dei (no Haflund Eco as) i ein langsiktig avtale. Dette er i dag eit moderne anlegg med to generatorar, ein på 1,6 MVA og ein på 3,8 MVA med ein årleg produksjon på om lag 24 GWh.

Her litt av historia rundt kraftverket:

  • Planlegginga av kraftverket i Leina starta allereie i 1928, og den 27. juni 1931 vart det halde skipingsmøte i ungdomshuset på Vangen "med det fyremaal og skipa A/S Leinafalli som har til oppgaave aa byggja ut Leinafossen i Flåm og levera elektrisk kraft innan Vangen og Flåm sokna".

  • Stiftingsmøte vart halde med desse representantane til stades:

  • For Kommunen møtte: Per Wangen

  • For A/S Leinafalli møtte: Lars Bjordal, Jens Lunde, Haakon Ohnstad og Paul Skahjem.

  • Allereie hausten 1932 vart det fyrste aggregatet på 300kW sett i drift ved driftsstyrar Mundal.Dette aggregatet forsynte bygdi med straum heilt fram til 1955. I 1955 vart kraftstasjonen utvida med plass til eit nytt aggregat. Dette vart kjøpt inn brukt frå Årdal og Sunndal Verk i Årdal, og aggregatet var på 800kW.

  • Den 12 november 1970 innløyste Aurland kommune alle aksjar i Leinafoss kraftverk, og kraftverket gjekk inn som ein del av det nyskipa kommunale kraftlaget med namnet Aurland Kommunale Kraftlag.

  • E-CO Energi AS gjekk i 1992 inn ein leigeavtale for Leinafoss Kraftverk, renovering og modernisering vart utført i 1993. I 1994 vart Leinafoss Kraftverk sett i drift med to nye aggregat, på henholdsvis 3,4MVA og 1,4MVA.

  • Avtalen med Hafslund Eco as var på 40 år til 2032. Då skulle kraftverket gå vederlagsfritt attende til Aurland Energiverk AS. Men avtalen kunne seiast opp etter 25 år, då med eit vederlag til Hafslund Eco. Aurland Energiverk valte å nytta seg av denne retten og sa opp avtalen med verknad frå 1 juli 2022.