Faktura frå Aurland Energiverk januar 2023
Vi jobbar med å få felles faktura på kraft og nett, og håpar få dette på plass så snart som mogleg. Enn so lenge vil du få to faktura. Ein faktura frå Aurland Energiverk på kraft, og ein faktura frå Sygnir på nettleige.
I kommunestyret 15.12.22 i Aurland kommune vart det vedteke fastprisavtale for levering av straum til innbyggarane med eit påslag til fastprisavtale 2023 for privatpersonar. Påslaget skal tilsvara den til ein kvar tid gjeldande statlege kompensasjonen i straumstøtta.
Denne summen vert lagt til på faktura frå Aurland Energiverk, men tilsvarande sum skal komma som minus på faktura frå Sygnir som er netteigar.
Eksempel:
Månedleg gjennomsnitteleg spotpris for januar 2023 i prisområde NO5, som Aurland høyrer til er kr 1,28762. Støttesatsen for januar er 90% av prisforskjellen mellom 70 øre pr kWh og kr 1,28762, dvs 0,528858 øre. Inkl mva vert dette 0,6610725 øre.
På faktura for januar frå Aurland Energiverk vil ein da ved eit forbruk på 1000 kWh få fylgjande, ei linje med kraftpris, og ei linje med påslag tilsvarande straumstøtta: