Går saman med straumsal i felles selskap

Aurland Energiverk og Lærdal Energi bygger vidare på eit samarbeid som starta i 1997. Selskapa har sidan hatt felles personell og kompetanse på straumsal, produksjon og tenester. Som ein del av endring i selskapsstrukturen, blir straumsalet fusjonert med med SEV AS i 2025.

 

SEV er eit felles eigd selskap med tre tilsette, som alle var ein del av Aurland Energiverk og Lærdal Energi sitt felles personell. I tillegg til å fortsetta med administrasjon av straumsal, leverer selskapet tenester til selskapa i konsernstrukturane. Det nye selskapet har ambisjon for vekst og utvikling, og har ein robust eigarstruktur der kraftvolum i Aurland og Lærdal er samla for felles forvaltning.

 

For deg som straumkunde vil ikkje strukturendringen føra til anna enn ny logo på fakturen. Aurlandsavtalen blir vidareført i SEV, og som før, er det Aurland kommune som sett prisen kvart år. Nettleiga vil fortsatt komma på faktura saman med kraftforbruk.

 

Kontaktinfo:

Knut Skår, dagleg leiar Aurland Energiverk, 932 23 836

Ørjan Bøyum, dagleg leiar Lærdal Energi, 908 27 578

Frode Fredheim, dagleg leiar Sogn Energivekst (SEV AS), 917 03 073

 

Neste
Neste

Påsken 2024